Delvis åpning av Åna Sira Stadion.

Postet av Jan Petter Kvelland den 2. Apr 2020

Da har vi mottatt informasjon fra Sokndal Kommune og kommuneoverlegen om at vi kan åpne Åna Sira Stadion delvis for aktiviteter og treninger.

Veldig viktig at alle holder seg til retningslinjene som er gitt for hvis ikke kan den bli stengt igjen.

Har åpnet kiosk\material bod slik at frisbee kan hentes samt baller, husk å antibacke utstyret før og etter bruk, samt å holde avstand mellom de som trener. 


Vedtak - Opning av idrettsbanar

Vedtak: Idrettsbanane på Hauge og i Åna-Sira vert opna på følgjande vilkår.

 

·       Max grupper på 5 personar og minimun avstand 2 meter

·       Ikkje ta på same utstyr

·       Kvar idrett lagar eigne kjørereglar

·       All aktivitet bør vera under oppsyn av vaksne

·       Garderober og fellesdusj er stengt

Foreløpig er idrettshallen stengt då det er vanskelegare å halda avstand ved inneaktivitet.

Det kan verta endringar ut frå tilrådingar frå Helsedirektoratet, og også dersom vilkåra ikkje vert følgt.

 

Bakgrunn for vedtak:

13. mars 2020 vedtok kommuneoverlegen forbod mot opphald på større, felles utandørs leikeareal i Sokndal kommune. Dette omfatta også idrettsbanane på Hauge og i Åna- Sira. Helsedirektoratet har 1. april gitt ut ny veileder i bruk av idrettsanlegg, der det er opna for aktivitet dersom ein følgjer råd om max 5 i grupper og 2 meter avstand. Vaksne bør vera til stades ved aktivitet, og ein skal ikkje ta på same utstyr. I fotball betyr det for eksempel å ikkje heada ballen eller ta den med hendene. Kvar idrett må laga eigne kjørereglar. Reglane er like ute og inne, men det vil vera vanskelegare å halda avstand ved inneaktivitet. Opninga gjeld difor ikkje idrettshallen i denne omgang. Her vil ein først sj¨å på kjørereglar frå dei ulike idrettane.

Med venleg helsing

Inger Skretting Opstad

Kommuneoverlege


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.